23 april 2007

Berit sa det var på tide med ein ny post

Og ja, eg kan vel kanskje seie meg enig. Har liksom ikkje teke meg tid til å skrive noko. Sist veke var eg på isfiske, der fekk eg ei stor fin røye på litt over halvkiloen! det var gøy og den vart steikt over bål om kvelden. godt! 2. mai skal eg på kystfiske til Moss, og før det skal eg flytte ut av hybelen og inn i ein lavvo med Sigrunn og Kirsti!! Det gler eg meg til:) Ellers er søknadsfristen ute for samordna opptak, og no sit eg å funderar på om eg har søkt rett. På fyrste plass har eg ingeniør i energi og miljø på NTNU. Trondheim er greit nok det, men 5 år er ganske lenge, og kva blir eg? I sommar skal eg jobbe på Tyinkrysset turistinformasjon, noko eg har gjort dei to siste åra. Heilt grei jobb, og i år vil eg prøve å bu på stølen medan eg jobbar. Det kan bli fint:) dette vart litt oppramsing av lite interessante ting, men det er dette som surrar og går rundt i hodet mitt for tida.


veke 19 skal eg heim, det ser eg fram til!!


Her er eg og Berit på veg til Knippebu i påska. Jammen er det fint i fjellet.