30 januar 2007

Elverumsveker:)

Dei siste vekene her på Elverum har vore fine;) Me har ikkje hatt nokon overnattingsturar endå, så me har hatt tid til å bli betre kjent med byen og studentlivet her:)



På skulen har me gått ein del på ski, svømt og hatt litt teori. No på fredag skal me ta ei livreddingsprøve i bassenget, det blir kjekt! Får håpe alle klarer den!!


Bildet ovanfor er frå då klassa var på viltsporregistrering. Målet var å finne spor av gaupe! Kirsti og eg hadde ei rute me skulle gå, men me gjekk feil. Ikkje såg me gaupespor heller. Men det var ein fin ettermiddagstur!



Matlaginga mi har vore heller dårleg i det siste. Det har gått mykje i fiskepinnar og karbonade. MEN i dag tenkte eg NEI, eg må lage litt ordenteleg mat. Det var godt. Det tok heller ikkje så mykje lenger tid å lage litt god mat, faktisk! Dette fortjenter og eit bilde på bloggen:)

16 januar 2007

Kjære søster:


GRATULERER MED DAGEN!!

10 januar 2007

Sensasjon!

Dette fortjener ein bloggoppdatering! NÅ etter 74 dager har det faktisk slutta å regne i Bergen, no har det begynt å snø:)!! Men det er ikke nok til å lage en snømann...! Forhåpentligvis ikke så kommer vel den 75. dagen med regn i morra... (for d regna i dag tidlig..) Skulle ha tatt et fint vinterbilde, men siden jeg ikke kom hjem fra skolen før kvart på åtte i kveld, så var det mørkt ute. PÅ skolen nå driver vi med praktiske ting på øvelsespost, som vi skal ha eksamen i før vi kan gå ut i praksis. I morra skal vi stikke sprøyter med saltvann i hverandre..;)

03 januar 2007

Tassen...

I dag reiste Berit til Bergen. Som alltid er Tassen ikkje særleg glad på grunn av dette, han har brukt det meste av dagen til å søva og syns bitte litt synd på seg sjølv. Sidan eg ikkje har reist til Elverum endå, følte eg nesten at eg måtte gjere noko for å få den snille hunden vår i betre humør. Og jammen hjalp det med ein tur ut i snøen.