Å lage pepperkakehus har aldri vore det heilt store her heime. Eg kan vagt hugse nokre kvadratiske hus med mykje nonstop, melis og seigmenn frå då eg var liten, men ikkje mange.
I år har me, trass tidlegare lite heldige forsøk, laga eit nydeleg hus. Ikkje berre firkanta, men med tårn, tak-utskot, karnapp, pipe, dør, vindauge med meir;) Eg er verkeleg imponert av resultatet og legg derfor med eit bilete som bevis på mesterverket!!! No er det snart JUL her på Lunde. I dag vart òg julelysa hengt opp ute!