Sjå kor fin denne blomsten er, nesten den finaste me har heime no! Det er ganske oppsiktsvekkande sidan Berit hadde eit "döda kaktus" prosjekt i sommar på nettopp denne planta... :)Skal eg fortelje kva ho gjorde...? jo etter å ha kome heim frå Sygna i vår sette Berit diverse ting i kjellaren til bestemor for oppbevaring, deriblant 2 stk. blomster. Dei har stått der heile sommaren i varme og tørke utan så mykje som ein drope vatn. No står den eine i full blomstring i ein trygg heim, medan den andre framleis står og kjempar om livet. Er det nokon som føler eit ansvar for den stakkars planta som framleis er i kjellaren så er det berre å ta kontakt. Pengar til desse to offera kan settast inn på kontonr......






