26 november 2006

Adventskalender til dei små!


Fekk inspirasjon av mi kjære syster og tok eit bilete av utsikta frå soveromsvindauget mitt. I dag er det den 26. november, om mindre enn ein månad er det juleaften. Som de ser: Snøforholda er ikkje heilt optimale.


Det er ikkje lenge til 1 desember, då kan ein endeleg opne fyrste ruta i adventskalenderen. På fredag hadde eg SFO, og eg lurte på om alle hadde fått seg kalender. Ja, det hadde dei, og ein hadde til og med opna alle lukene i den eine kalenderen sin. Men det var vist berre ein Donald Duck kalender, smarties kalenderen deritmot skulle opnas dag for dag. Og det forstår eg godt, hadde nok gjort det same hadde eg berre hatt adventskalendarar. Uansett, i dag håpar eg Berit blir glad, eg har nemleg laga ein flott adventskalender til ho, sidan ho skal vere i Bergen i desember. Og Berit den MÅ du opne dag for dag!
På tv2 skal dei faktisk sende ein ny julekalender i år!!! Det var jammen på tide.

2 kommentarer:

Anonym sa...

ja no vart eg ..glad!!!:) gleder meg til desember!!tusen takk!

Anonym sa...

Eg vil å ha adventskalender!!!!!