30 januar 2007

Elverumsveker:)

Dei siste vekene her på Elverum har vore fine;) Me har ikkje hatt nokon overnattingsturar endå, så me har hatt tid til å bli betre kjent med byen og studentlivet her:)



På skulen har me gått ein del på ski, svømt og hatt litt teori. No på fredag skal me ta ei livreddingsprøve i bassenget, det blir kjekt! Får håpe alle klarer den!!


Bildet ovanfor er frå då klassa var på viltsporregistrering. Målet var å finne spor av gaupe! Kirsti og eg hadde ei rute me skulle gå, men me gjekk feil. Ikkje såg me gaupespor heller. Men det var ein fin ettermiddagstur!



Matlaginga mi har vore heller dårleg i det siste. Det har gått mykje i fiskepinnar og karbonade. MEN i dag tenkte eg NEI, eg må lage litt ordenteleg mat. Det var godt. Det tok heller ikkje så mykje lenger tid å lage litt god mat, faktisk! Dette fortjenter og eit bilde på bloggen:)

4 kommentarer:

Anonym sa...

ja. middag må du bli flnk til å lage!!..:) jeg for min del har ennå ikke laget meg spaghetti og (tomat)kjøttsaus.. men middag blir det:)

Anonym sa...

Oioi,de der såg godt ut! Du e velkommen te å kom hit å lag middag nårsomhelst!:P

Anonym sa...

Glede meg te vi ska lage middag ilag i lavvoen!!!!! :D

Anonym sa...

Studentlivet er meget bra i trondheim og;)
Så satsar på at du tek turen nordover neste år...! og vinje rock til sommaren!