24 mars 2007

Jotunheimen

No har eg vore på tur i Jotunheimen! Det var 5 kjempefine dagar med bra vèr:) Eg angrar ikkje på å ha hatt praksis på valdres folkehøgskule, veldig kjekke elevar og lærarar. Det er litt annleis å reise på tur med ei folkehøgskule enn ei høgskule med tanke på at ein på folkehøgskula reiser som ein stor familie med felles "husholdning", men elles var det moro å sjå kor like slike turar i prakis er. Nokre lure ting lærte eg ette å ha vore på denne turen:
  • Å ikkje koke havregrauten ein skal ha til frukost i kjele, men heller ha den mengda havregryn ein sjølv vil ha i tallerkenen sin og helle over varmt vatn. Då unngår ein ekstra oppvask og i tillegg slepp ein matrestar.

  • Å la vere å løyse innerteltet frå ytterteltet når det skal pakkas saman. Då kan ein slå opp teltet igjenn på ein to tre om kvelden når ein som regel er trøtt og lei, og samtidig slepp ein å krabbe inn i ytterteltet og øydelegge underlaget ein skal sove på.

Dessutan, etter litt om og men, støttar eg teorien som Marius har: Om kvelden når ein er på tur treng ein ikkje skifte det innerste laget med klær for å halde varmen. Ta hellan på fleire varme, pustande klede utanpå og la det tørke på kroppen. Dermed unngår du blaute klede om morgonen.

Jepp. Det var det.


3 kommentarer:

Anonym sa...

hehe. veit ik kor fornøyde dei du sover med er med den teorien til marius;)

Anonym sa...

no må du gje deg berit... skjøna ikkje ko du meina med det... hehe

Anonym sa...

Lure tips! Og det såg ut som en veldig bra tur! :) Eg støtte fullt og heilt den skjorte-teorien, bruke den bestandig sjøl på vinteren! Sommarstid e det jo litt annerledes. Såg på fronter i dag at vi må møte fredagen etter påske førr å planlegge. Ergo ingen Valdres-tur...:( Men får ta det igjen! GOD PÅSKE! Hels Tassen og resten av familien!