18 mars 2007

PRAKSIS

Eg er ferdig med alt teoretisk tull dette semesteret! det er kult:) Dessutan har eg praksis no på valdres folkehøgskule. Eg har alt vore der ei veke, og friluftslivklassa som eg skal vere med er ein kjekk gjeng:) Me var ute på ein liten tur tysdag til onsdag der me laga igl, bilete kan du sjå her: http://www.valdres.fhs.no/turreferat/FAiglotur-07.html Det tok lang tid å lage igloen, men jammen vart den flott!
Veka som kjem skal eg vere i jotunheimen, me skal gå frå Tyin på måndag og kome fram til Beitostølen på fredag. Kanskje blir det og ein topptur på Bitihorn. Det blir kjekt og eg håpar vêret blir bra. Og etter denne turen har eg faktisk påskeferie, KULT!

1 kommentar:

Anonym sa...

Høres ut som du har en knallbra praksis, Ingeborg! Glede meg te å komme å besøke deg etter påske! :)